Farewell Tour Konsertalbum av The Doobie Brothers | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1983 | |
Spelestad | Irvine Meadows Amphitheatre, Laguna Hills, 3. september 1982; Universal Amphitheatre, Universal City, 4. september 1982; Hearst Greek Theatre, UC Berkeley i Berkeley i Calfornia, 10. og 11. september 1982 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 1:07:06 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Ted Templeman | |
The Doobie Brothers-kronologi | ||
---|---|---|
One Step Closer (1980) |
Farewell Tour | Cycles (1989)
|
Singlar frå Farewell Tour | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Encyclopedia of Popular Music | [2] |
The Great Rock Diskografi | 4/10[3] |
The Rolling Stone Album Guide | [4] |
Farewell Tour er det første konsertalbumet til den amerikanske rockegruppa The Doobie Brothers, gjeve ut i 1983. Det dokumenterer avskjedsturneen deira i 1982 og kom ut som eit dobbeltalbum.
Tidleg i 1980-åra hadde The Doobie Brothers utvikla seg frå gitarsilen under den opphavlege frontmannen Tom Johnston til ein meir soul-aktig og klaverbasert AOR-stil under Michael McDonald. Trass i mange utskiftingar i besetninga, var Patrick Simmons att frå den originale utgåva av gruppa.
I 1982 valde Simmons å trekkje seg frå gruppa etter mange år med konstant turnering og innspeling. Bandet valde då å leggje inn årene, men Simmons oppfordra dei til ein siste turné sommaren 1982 for å takke den lojale fansen deira. Denne turneen vart kjend som «Farewell Tour».
Framsida av omslaget syner trommeslagaren Keith Knudsen som skjer over strengene på gitaren til John McFee, som ei symbolsk handling.[5] Dei siste to songane på albumet vart spelt einn på den siste konserten på turneen i Berkeley i California, den 11. september 1982 med vokal av den originale solovokalisten og gitaristen Tom Johnston. I lang tid var albumet berre tilgjengeleg på CD i Japan, men kom til slutt ut på CD på Rhino/WEA den 26. august 2008.